Daqota er ein resturant og pub på Günerløkka i Oslo.
Selskapet Sukker har stått for den grafiske utforminga.
Komposisjonen er utforma veldig fint, den er ryddig og oversiktlig. Trykket er stilisert og utforma på ein måte som gjev eit geometrisk inntrykk. Det er balanse i bildet, horisontale linjer over og under skrifta og flyet gjev også eit inntrykk av rette linjer og balanse. Typografien er enkel og gotesk. Eg trur det er lagd som eit trykk, fordi det berre er ein farge på det. På grunn av at det berre er brukt ein farge gjer det einkelt, men også stilreint. Trykket er bevist gjort litt falma og gjev eit litt ”gammalt” inntrykk. Trykket er nøye gjennomført og ein kan sjå god sammenheng mellom det og resten av restauranten.
http://www.sukker.com/Default.aspx?ID=224
Nyhetsmagasin for Øygarden, grafisk design utført av Ramsøy design.
Komposisjonen på avise er fint utarbeida. Det fyste du ser på er midt i bildet, den vesle jenta med den raude redningsvesten, det er nok gjort bevist for å treffe folk flest. Alle liker barn og eit slikt bildet vekker oppmerksomhet, samstundes så viser dei at avisa er for bar også, at den omgår alle. Hovud tingen, jenta er midt i bilde noko som skapar dynamikk og balanse. Overskrifta, av grotesk type i minusklar skapar ei horisontal linje og rammer inn bildet. Nere i venstre hjørne kjem den same fargen at som er brukt på toppen, noko som skapar harmoni i bildet. Der er også same skrift type brukt, berre i mindre storleik. Midt på bildet, der ”auge treff” attmed jenta på høgre side er det to bilder utforma i sirklar med ein liten tekst rundt, noko som gjev innblikk i kva som er inni bladet og framhevar Øygarden. Det er avrunda linjer på heile illustrasjonen og det virkar gjennomført, det skapar balanse og ro. Det er også tatt med kommuneskjoldet til Øygarden nede i høgre hjørne. Noko som framhevar Øygarden.
Eg syns utforminga av Framsida er veldig fin, den er ikkje urovekkande, ingen fargar som skjer med kvarandre eller store kontrastar. Det er eit fint magasin som prøver å treffe flest mulig, og det trur eg dei har klart bra.
http://ramsoeydesign.no/nivaa2/portefolje/visuell_identitet.html
Eg syns denne komposisjonen var gøy! Den var veldig interessant og fanga fort oppmerksomheten min. Det er mange små bilder på ei stor flate, men blir likevel ryddig på ein måte. Kvart bilde er skåret ut med rette linjer og er i små firkanta. Det gjer eit elegant og stilreint inntrykk, blanda med variasjon. Det dreier seg om hår og det er ikkje vanskelig å forstå. Mange kontrastar, nokn av bileta er i svart kvitt og andre i farge. Rubrikken midt i, litt nede på bildet med tekst i er med på å skape meir ro i bildet. Ordet ”spoild” er ei fantasi skrift, med seriffar og er lagt til på ein gøy og utradisjonell måte mot resten av teksten. Resten er ein form for grotesk. Det er retta mot ungdom og unge mennesker. Syns det var ein morosam komposisjon som heilt sikkert er brukt mykje tid på.
http://images.google.no/imgres?imgurl=http://sbra.no/wp-content/uploads/grafisk-design-hanne.jpg&imgrefurl=http://sbra.no/category/elevbidrag/grafisk-design/&usg=__guCxIJVZ1ty4csLAvGN7vQO4BwM=&h=498&w=500&sz=97&hl=no&start=10&um=1&itbs=1&tbnid=QyQg55A5uC9K1M:&tbnh=129&tbnw=130&prev=/images%3Fq%3Dgrafisk%2Bdesign%26um%3D1%26hl%3Dno%26sa%3DN%26tbs%3Disch:1