torsdag 11. mars 2010

POSTAL SÉANCE



Tittel navn: Postal Séance
Forfatter: Henrik Drescher
Design: Henrik Drescher
Typografi: Arch Macdonnrl

Chriclebooks
Utgitt av: Raincast books
Produsert i China.
Produksjonsår 2004
Copyright: Henrik Drescher

Boka handlar om brev om er sendt til døde kjente mennesker. For å finne ut om det er liv etter døden. Forfattaren har ein ide om at postboksar kan vere ein mulig portal for å få kontakt med dei døde. Nokon brev har han fått svar på og er blitt returnerte, men dei fleste blei ikkje returnerte.
Han har lagt boka som eit postkort, med surrealistiske illustrasjonar som passar til kvart postkort, eller mottakaren for korta. Det er også ein liten tekst til kvar person som brevet er sendt til med litt informasjon om kva persone er kjend for.

Omslaget på boka ser ut som ein konvolutt, med lukke mekanisme. Det er rødt mønster rundt kanten som gjer til at ein enda lettare assosierer det med eit postkort. Det er også poststempel og frimerke på framsida. Fargen er lyse brun med svake striper, det er heilt lik på konvolutt fargen, som ein får over alt.

Henrik har alltid villa bli ein illustratør og begynte sin karriere lokalt i Boston 1974.
Forfattaren har lagd og illustrert fleire bøker, blant anna Turbulence. Sidan 1981 har han også lagd ein del barnebøker.
Han er ein kunstnar som har installasjonar i moderne tid. Hans ”figurar” og teikne måte er lette å kjenne att.


Eg synst postal séansce var ei interessant bok å lese. Sjølv om den ikkje har mykje tekst så har den mykje innhald. Den er forteljande både ved tekst og ved hjelp av illustrasjonar. Eg synes at den er nesten som ei barne bok for vaksne.
Teikningane er nokså surrealistiske, noko om gjer eit litt barnslig preg, men også variert og spennande. Teikningane er underlige, og litt mystiske.
Som vedlegg til nokon av dei han prøvde å ta kontakt er det eit brev som er bretta saman og kan berrettast ut, det synes eg var ein morosam ide! På slutten av boka er det også eit stort kart som kan brettast ut, noko som også er ein smart utforming.
Gjennom heile boka er det også lagt til post stempel, frimerke og andre ting som assosierast med brev som er med på å gje ein følelse av at du faktisk leser eit brev og ikkje ei bok. Eg synes denne boka var forskjellig og spennande frå vanlege bøker. Boka er veldig gjennomført og det er mykje å legge merke til, om ein ser etter. Illustrøren har tatt seg god tid til å lage boka og teikningane verkar ikkje ”tilfeldige”.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar